Tankar på tampen

På denne bloggen har eg hatt stor glede av å kunne dele mine tankar, idear og erfaringar. No når semesteret nærmar seg slutten, og dermed også faget digital kompetanse, er det på sin plass å samle nokre trådar for å vise at eg ikkje berre har skrive det som har falt meg inn, men også dekka dei obligatoriske arbeidskrava me har hatt undervegs: Les meir

Kjeldekritikk – eit undervisningsopplegg

«Målet for opplæringa er at eleven skal kunne velgje og bruke innhald fra ulike kjelder på ein sjølvtendig, kritisk og ansvarleg måte». Eit viktig mål som er henta rett ut fra LK06, kompetansemål i engelsk for Vg1. Eit stort og viktig mål, spesielt fordi tilgangen til eit heilt hav av informasjon er kun nokre tastetrykk unna. I motsetnad til læreboka er ikkje internett tilpassa utdannignsføremål eller elevens nivå. All informasjon er heller ikkje akademisk godkjent eller kvalitetsstempla som sikker. Men på den andre sida, kven er eigentleg kvalifisert til å ha monopol på å avgjere kva som er sikker kunnskap og kva som alle skal kunne ta for god fisk? Ein stat (i såfall kva stat? USA? Noreg? Nord-Korea?) Ein organisasjon? Ein enkeltperson? Og kva er eigentleg sikker kunnskap? Fleire spørsmål melder seg dersom ein tek desse tankane vidare. Eg kjenner også diskusjonar fra Exphil trenger seg framatt i minnet. Med det er ein større diskusjon. Fokuset mitt i dette innlegget vil derimot vere: korleis kan eg hjelpe mine elevar til å bli sjølvstendige og kritiske lesarar? Svaret håpar eg ligg i mitt forslag til eit kjeldekritisk undervisningsopplegg. Les meir