Nynorskjenta som nynorskvikar

For ei stund sidan blogga eg om Lektor Hernesvold som hadde vore vikar for meg i engelsk. I dag var det min tur å vere vikar for ho, men denne gongen i norsk på Vg3. Instruksane eg hadde fått på førehand var Frode Grytten og novella «Guten med den blå gitaren», i tillegg til frie tøyer til å gjere det eg hadde lyst til utover det. Eg ville dermed prøve meg å på gjengjelde den digitale tenesta ved å bruke Twitter på ein eller anna måte, i eit håp om å friske opp nynorsken for elevane. Eg er jo trass alt stor nynorskentusiast og synes Ivar Aasen (bilete) var ein framifrå kar! I dette blogginnlegget kan du derfor lese om korleis det gjekk, samt lese elevanes heilt eigne (og imponerande) Grytten inspirerte Twitternoveller! Les meir