Tankar på tampen

På denne bloggen har eg hatt stor glede av å kunne dele mine tankar, idear og erfaringar. No når semesteret nærmar seg slutten, og dermed også faget digital kompetanse, er det på sin plass å samle nokre trådar for å vise at eg ikkje berre har skrive det som har falt meg inn, men også dekka dei obligatoriske arbeidskrava me har hatt undervegs: Les meir

Advertisements

Vurdering av multimodale tekstar

dary!

Eg avslutta førre blogginnleg med å lure på kva kriteriar ein skal bruke for vurdering av samansette tekstar. For å forsøke å svare på dette har eg teke utgangspunkt i førelesing og artiklar om emnet, laga min eigne vurderingstabell og prøvd ut denne på ein medstudent sin blogg. Les meir

Lektorens blogge-råd

Nyttige råd fra lektor Hernesvold dersom du vil sette i gang med blogging med eigne elevar!

Lektor Hernesvolds fagblogg

Her er 10 kjappe tips til deg som lurer på om du skal få elevane dine til å blogge – basert på det eg har gjort i norsk og engelsk:

  1. Opprett ein blogg sjølv først. Han treng ikkje vere så avansert, men du må vite korleis ein postar ting osb. Søk t.d. «how to start blogging with wordpress» på Youtube om du treng litt starthjelp.
  2. Ikkje – IKKJE – tru at alle elevane dine veit korleis ein skriv blogg. Det er ikkje eingong sikkert at dei les bloggar. Dei som kan det, kan hjelpe deg.
  3. Ha ein plan. Kva vil du med bloggen? Kva skal elevane skrive om? Kva skal dei lære? Elevane kan både skrive fagtekstar og meir personlege tekstar om korleis dei lærer. Lag opne oppgåver slik at ikkje alt blir heilt likt.
  4. Diskuter med elevane om dei skal ha opne eller lukka bloggar. Ein kan inviterer inn…

View original post 178 fleire ord

Ei mappe er ei mappe. Eller?

Bilete er henta frå: http://goo.gl/rFGfZb

Bilete er henta frå: http://goo.gl/rFGfZb

Det er ein kjend sak at me i frå tid til anna må kalle ein spade for ein spade. Men me kan nok ikkje lenger kalle ei mappe for ei mappe. Den har blitt så mykje meir enn det. I dagens skule treng ikkje ei mappe lenger vere ein fysisk gjenstand med stive permar som samlar saman eit utal ark og gamle oppgåver. Ei digital mappe kan derimot vere eit reiskap i ein læringsprosess, ein sosial læringsarena, ei samhandlande arbeidsform eller eit middel for å dokumentere ein læringsprosess i sin heilskap.

Men først og fremst: Kva skil ei digital mappe frå andre mapper?

  • Dei er lagra og organisert digitalt
  • Dei er eit læringsreiskap og ein læringsarena bygd på dei same pedagogiske prinsipp som ei ikkje-digital mappe
  • Dei nyttar seg av mediespesifikke verkemidla i læringsprosessar og dokumentasjon
  • Dei er meir eller mindre open og tilgjengeleg for andre (eit sentralt aspekt som eg vil skrive meir om på bloggen seinare)

Desse punkta er henta frå Hildegunn Otnes (2006) sin artikkelen ”Arkivskuff eller læringsarena?”. Sentralt i denne teksten er at ho mellom anna skriv om at kva omgrep ein brukar vil vere avgjerande for korleis ein ser på mapper som ein pedagogisk ressurs. Ved å omtale mappa som dokumentasjon seier dette noko om ei rolle som ein slags ”bevisjournal” som skal kunne avspegle kva læringsprosessar eleven har gått gjennom.  Ei slik mappe kan i pedagogisk samanheng omfatte alle typar dokumentasjon, både av verbalt, auditivt, visuelt og tredimensjonalt materiale. Slik sett vil mappemetodikken  ha verdi til alle fag i skulen, både språkfag, realfag og estetiske fag. Ei mappe er noko som kan dokumentere ei breidde, ei samanheng og ei utvikling. I engelskfaget/andre språkfag der tekst står sentralt vil ein mappetekst dernest bli forstått som ei meiningsfull ytring, som dokumenterer anten delar av eller heile læringsprosessen. Omgrepet produkt derimot forstår me gjerne på lik linje med ei oppgåve,  men da må ein også vere klar over at dette kanskje utelet prosessen, som er viktig i mappemetodikken. Otnes skiv at ho ikkje ser på mappearbeid som noko statisk og avslutta produkt, men heller ei dynamisk eining som samhandlar med andre tekstar både i og utanfor eiga mappe. Dette synes eg er eit sentralt poeng. Mitt inntrykk er at elevar ofte arbeider med tekstar på ein produktretta måte, anten fordi dei skal levere inn ein ferdig tekst eller fordi den skal presenterast på ein eller anna måte. Å arbeide over tid med tekstar til ei mappe kan dermed by på større refleksjon over det prosessuelle aspektet, og by på vidare samarbeid med andre elevar gjennom tilbakemeldingar og eventuelt samskriving. Elevar kan ved å skrive saman skape, strukturere og formidle tekstar på nye måtar. Tekstar i ei digital mappe vert slik dynamiske og prosessuelle fordi dei stadig kan bli betre, verte utvida og oppdaterte (sjå også førre innlegg om samskrivingsprogram”Prøvekaniner og digitalt kvarter”). Digitale mapper har også spesielt potensiale for å kunne innehalde ei for stor variasjon av sjangrar og strukturar, samt tekstar frå ulike kontekstar.

Denne bloggen er jo også ei slik digital mappe. Her får eg som student skrive ulike teksttypar, kan arbeide med tema og tekst over tid, og kan forhåpentleg vis sjå ei utvikling av min digitale kompetanse gjennom semesteret. Det er i tillegg ein bonus at eg blir betre kjend med blogg som digitalt verktøy, og dette er noko eg også har lyst å prøve med eigne elevar etterkvart. Som Otnes konkluderar med i sin tekst: ”Dei digitale mappene er ikkje berre ein dokumentasjon på at læring har funne stad, men også på korleis den har gått føre seg.” Så da er det vel berre å følgje med på bloggen min om eg lærer noko utover våren da?

Som dei seier i TV2:

Bilete er henta frå: http://goo.gl/DeiHo4

Bilete er henta frå: http://goo.gl/DeiHo4