Tankar på tampen

På denne bloggen har eg hatt stor glede av å kunne dele mine tankar, idear og erfaringar. No når semesteret nærmar seg slutten, og dermed også faget digital kompetanse, er det på sin plass å samle nokre trådar for å vise at eg ikkje berre har skrive det som har falt meg inn, men også dekka dei obligatoriske arbeidskrava me har hatt undervegs:

1) Tema: Digitale mapper – «Ei mappe er mappe. Eller?»

2) Tema: Digital Storytelling – «Digital Storytelling in the language classroom»

3) Tema: Multimodal analyse – «Multer og multimodalitet» og «Vurdering av multimodale tekstar»

4) Tema: Kjeldekritikk – «Kjeldekritikk – eit undervisningsopplegg»

Eg har i tillegg synes det har vore artig å kommentere på mine medstudentar og kollegaer sine bloggar. Saman har me i grunn laga ein stor idébank me kan dra nytte av både no og i framtida. Og det er jo kjekt. Veldig kjekt faktisk! Her er døme på nokre av kommentarane eg har lagt att her og der:

Ein kort kommentar til Adjunktiken sitt innlegg om hypertekstlesing:

Kommentar til Mariannelv med oppfordring til å prøve ut eTwinning som ho lurte på i eit innlegg:

Respons til Lektor Hernesvold sitt oppfølgingsinnlegg til eitt av mine:

Kommentar på Skolesipil sitt tankevekkande innlegg om sosiale media og søstra hennar sine erfaringar på området:

 

Eg må vere så ærleg å seie at eg heilt sikkert kunne ha vore flinkare å kommentere bloggane til mine medstudentar. Men det betyr ikkje at eg ikkje har lese innlegga deira. Dersom tida har vore knapp har eg derfor i staden nytta med av den berømte ”like” knappen for å vise at eg faktisk har lese blogginnlegget, og synes det var godt skrive, sjølv om eg ikkje fekk tid til å kommentere akkurat da.

Og ein siste ting! Sjølv om bloggen kanskje ikkje kjem til å ha VELDIG stor aktivitet dei næraste vekene grunna travel eksamenstid, har eg likevel fått så sansen for blogging at eg tenkjer at dette er noko eg har lyst å halde fram med. Så dersom eg har nokre faste lesarar der ute, ikkje forlat meg heilt enda – kom tilbake i ny og ne! Plutselig kjem det eit nytt innlegg eller to!

Som nokon forhåpentlegvis er interessert i så klart! 😉

Advertisements

One thought on “Tankar på tampen

  1. Jeg har også hatt glede av å følge deg på denne bloggen! Det ser ut til at du raskt fant en genuin interesse for å blogge – ved både å dele tips, triks, erfaringer, humoristiske innslag og faglige refleksjoner! Jeg fortsetter å følge bloggen din og satser på at du etter hvert slår til igjen, Superwoman! ❤

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s