Kjeldekritikk – eit undervisningsopplegg

«Målet for opplæringa er at eleven skal kunne velgje og bruke innhald fra ulike kjelder på ein sjølvtendig, kritisk og ansvarleg måte». Eit viktig mål som er henta rett ut fra LK06, kompetansemål i engelsk for Vg1. Eit stort og viktig mål, spesielt fordi tilgangen til eit heilt hav av informasjon er kun nokre tastetrykk unna. I motsetnad til læreboka er ikkje internett tilpassa utdannignsføremål eller elevens nivå. All informasjon er heller ikkje akademisk godkjent eller kvalitetsstempla som sikker. Men på den andre sida, kven er eigentleg kvalifisert til å ha monopol på å avgjere kva som er sikker kunnskap og kva som alle skal kunne ta for god fisk? Ein stat (i såfall kva stat? USA? Noreg? Nord-Korea?) Ein organisasjon? Ein enkeltperson? Og kva er eigentleg sikker kunnskap? Fleire spørsmål melder seg dersom ein tek desse tankane vidare. Eg kjenner også diskusjonar fra Exphil trenger seg framatt i minnet. Med det er ein større diskusjon. Fokuset mitt i dette innlegget vil derimot vere: korleis kan eg hjelpe mine elevar til å bli sjølvstendige og kritiske lesarar? Svaret håpar eg ligg i mitt forslag til eit kjeldekritisk undervisningsopplegg.

Eigne elevar og kompetanse innan kjeldekritikk:

Eg trur sjølv at eg har snakka litt om kjelder gjennom heile året. Eller, eg har iallfall gitt elevane tips om nyttige kjelder som eg har vurdert som gode undervegs når dei har jobba med å søke etter informasjon om ulike emner. Men veit eg eigentleg om mine elevar er i stand til å aktivt vurdere kjelder kritisk? Dei veit nok ein del frå før om kvar dei kan finne såkalla sikker informasjon, men har dei nokon sjekkpunkt dei nyttar i sine vurderingar? Eg har derfor bestemt meg for å repetere og legge ekstra fokus på kjeldekritikk på tampen av vårsemesteret. For når ein mogleg skriftleg eller munnleg eksamen er like rundt hjørnet er jo deira eigen innhenting av informasjon meir relevant enn nokon sinne.

Eg ser derfor føre meg eit undervisningsopplegg som kan gå føre seg slik:

1) Surfing på ”nettavisa” http://weeklyworldnews.com. Her tenker eg å ikkje legge nokon føringar, berre sjå kva dei plukkar opp og kva innspel dei har å komme med i ein fellesdiskusjon etter nokre minuttar surfing og summing. Kjem dei til å oppdage at dette eigentleg er ein blogg og ikkje ei nettavis? Kjem dei til å reagere på «nyhendene» det står om? For kan ein eigentleg stole på kjeldene bak den utrulege nyhenda om kloning av dinosaurar?

2)   Diskusjon om Wikipedia:

I artikkelen «Students» Digital Strategies and Shortcuts» av Blikstad-Balas & Hvistendahl skriv dei om elevars forhold til Wikipedia som kjelde. I deira undersøkingar kom det fram at heile 99% var samde i at Wikipedia var ei kjelde der det var enkelt å finne informasjon, og 71% svarte at Wikipedia er ei god kjelde for å finne informasjon til skulearbeid. På samme tid svarte 96% at Wikipedia kan ta feil og 89% var usamde i at Wikipedia er like truverdig som lærebøkene. Dette betyr at me ikkje kan ignorere denne informasjonskjelda i eit undervisningsopplegg om kjeldekritikk. Wikipedia er mykje altså brukt, men har samstundes eit dårleg rykte. Blikstad-Balas & Hvistendahl kommenterer også at elevane opplever ulike haldningar blandt sine lærarar. Dette tenker eg vitnar om at Wikipedia er eit usikkert tema for lærarane sjølve.  Eit vanleg spørsmål eg får frå mine elevar, og som eg trur dei spør alle sine lærarar om, er om eg synes Wikipedia er ei akseptert kjelde. Her brukar eg å svare ”det kjem heilt an på kva du skal bruke den til”. Dersom ein skal søke opp rask faktainformasjon for å finne ut av noko konkret, så ja, gjerne Wikipedia for min del. Slik brukar eg det jo sjølv også. Dersom du skal bruke det du finn meir formelt, gjerne dobbeltsjekk informasjonen med ein anna nettstad i tillegg. Kanskje i Store Norske Leksikon eller den slags. Eg kjem ikkje til å avskrive Wikipedia som kjelde, for den er her for å bli. Det som dermed blir sentralt er å bevisstgjere elevane på korleis den er oppbygd. Kva betyr det for lesaren at kven som helst kan inn å redigere? Kva type kontrollfunksjonar finst det for det som blir skive? I denne delen av økta tenker eg spesielt å vise elevane endringshistorikken til Wikipedia for å illustrere edigeringsmoglegheita som alle folk har, og ta opp til drøfting kva dette har å seie for måten me les denne informasjonen på. Kanskje det ville vore artig å trekke fram mine medstudentar sine erfaringar  og tanktar på området også? Døme: Kim Daniel sitt innlegg «Wikipedia follow-up: the students proved my point» der han illustrerer kor enkelt det er å gjere endringar på nettstaden?

3)   Gjennomgang av sjekkliste for kjeldekritikk: 

Her finst det fleire lister å velge mellom, men eg har sansen for ung.no si sjekkliste for kjeldekritikk. Den kan du finne her. Døme på sentrale fokusspørsmål vil vere:

  • Kven står bak nettsida? (myndigheit, organisasjon, privatperson osv)
  • Kvifor er nettstaden etablert/starta? (informasjon, presentasjon, propaganda, sal, underhaldning osv)
  • Korleis ser nettstaden ut? (finst det kontaktinformasjon? Fungerer lenkene? Dato?)
  • Kan du få informasjon om det samme fra andre kjelder?

Uansett kva modell ein brukar står både kjeldas reliabilitet og kvaliteten på informasjonen sentralt.

4)   Med denne lista som utgangspunkt skal elevane deretter utøve kjeldekritikk på ei nettside som ved første augekast kanskje verkar som ei god kjelde for informasjon om Martin Luther King Jr, som me har snakka om tidlare i vår:

…og her er det mykje kjeldekritikk å ta tak i! For kven er eigentleg organisasjonen Stormfront som står bak denne sida? Jo, nemleg » a community of racial realists and idealists who support the «embattled» white minority». Oh really…Hm… Her håpar eg alarmen ringer i hovudet på elevane!

Dersom det blir tid igjen av økta hadde det også vore spennande å sett nærare på denne sida: http://www.snopes.com. Dette er ein nettstad som samlar inn og kategoriserar vandrehistoriar, eller såkalla «urban legends», og andre feilaktige historiar. Her tenker eg det kan vere interessant at elevane kan velge seg eit tema og deretter søke vidare etter nettstadar som gjengir denne feilaktige informasjonen. I dette leddet vil også sjekklista for kjeldekritkk komme til nytte.

Kanskje nokon har erfaringar eller tips til undervisning i kjeldekritikk som dei har lyst å dele? Gjerne også tilbakemelding eller innspel på mitt planlagte opplegg. Eit kritisk blikk er jo alltid å oppmuntre. Men helst med eit konstruktivt fokus. Slikt blir det best stemning av. Og god stemning vil me jo ha.

Advertisements

2 thoughts on “Kjeldekritikk – eit undervisningsopplegg

  1. Jeg synes du på en kritisk og tydelig måte presenterer undervisningsopplegg som kan bidra med å utvikle elevers kildekritiske ferdigheter. Universitetsbiblioteket på NTNU foreslår TONE som en huskeregler for kildekritikk (se http://www.ntnu.no/viko/kildekritikk). Håper det kan være til nytte!

  2. Tilbakeping: Lena's (soon to be) digital classroom | Tankar på tampen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s