Vurdering av multimodale tekstar

dary!

Eg avslutta førre blogginnleg med å lure på kva kriteriar ein skal bruke for vurdering av samansette tekstar. For å forsøke å svare på dette har eg teke utgangspunkt i førelesing og artiklar om emnet, laga min eigne vurderingstabell og prøvd ut denne på ein medstudent sin blogg.

 

I Hildegunn Otnes sin tekst om ”Vurdering av digitalt samansette tekstar” skriv ho at ein kan utvikle ei bevisstheit rundt vurderingskriterier i møte med andre tekstar. Det vil derfor vere nyttig med såkalla modelltekstar for å vite kva mål ein sjølv skal sette, og for å forstå kriteriene ein skal oppfylle på ein god måte. Eg har derfor, med utgangspunkt i denne artikkelen og ulike modellar presentert i førelesing, laga meg ei liste over utvalde vurderingskriterier som eg trur kan vere nyttige. For eg likar jo ganske godt å lage lister. Både til hjelp når eg skal vurdere elevarbeid, men også for å rydde i tankane mine og sortere eige arbeid. Kanskje kan denne lista bli nyttig når eg skal ferdigstille min eigen blogg, samt for å vurdere framtidige elevbloggar?

Eg vil først presentere tabellen eg har sett saman, for så å bruke ein forenkla versjon opp mot Adjunktiken sin blogg.

Vurderingskriteriar for fagleg refleksjonsblogg:

Ein kan heilt sikkert diskutere mitt utval av fokus og kriteriar vidare. Eg kunne også ha valt å ha fleire kolonner for å illustrere grad av kompetanse, til dømes inndelt etter låg – middels – høg måloppnåing, men vel i dette tilfellet å halde meg til kommentarar, sidan eg ikkje skal sette karakter eller liknande.

Forenkla versjon med kommentarar:

Kom gjerne med kommentarar eller innspel til betringar på vurderingsskjemaet mitt, det vert motteke med takk! 🙂

Advertisements

6 thoughts on “Vurdering av multimodale tekstar

  1. Personleg stemme el stil? inntrykk av kontinuitet? Open for endringar – innspel? Eg elskar skjema og tar nok med denne til vg3 når vi skal runde av nynorskbloggen!

    • Gode innspel som bør vere med! Takk!😊 Hoho, kjekt viss du vil bruke den. Sei i fra viss du vil ha Word-varianten som du kan redigere for å spare arbeid😊

  2. Ved første øyekast liker jeg veldig godt vurderingskriteriene dine 🙂

  3. Tilbakeping: Tankekart til analyse av blogg | Lektor Hernesvolds fagblogg

  4. Tilbakeping: Lena's (soon to be) digital classroom | Tankar på tampen

  5. Jeg liker veldig godt skjemaet du har utviklet! Her er det mange gode momenter som man kan ta med seg videre! Interessant at du valgte å vurdere en av dine medstudenters blogger, en «morsom» vri 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s