Multer og multimodalitet

Multimodale tekstar, eller samansette tekstar, er tekstar som er sett saman av fleire uttrykksformer. Døme på slike uttrykksformer kan vere: Skrift, fotografi, figurar, animasjonar, film, fargar, fontar, auditive verkemiddel osv. Ein tenker gjerne at multimodale tekstar må vere digitale, men dette treng derimot ikkje alltid å vere tilfelle. Dersom ein har ein papirtekst framføre seg som inneheld til dømes illustrasjonar og ulike skrifttypar, vil dette per definisjon også vere ein mulitmodal tekst. Men det er likevel mest nærliggande å trekke fram digitale tekstar når ein snakkar om multimodale tekstar

Men kva i all verda har dette med multer å gjere?

For å ta vidare tak i den noko snodige overskrifta, vil eg i det følgande vise kva som kan beteiknast som multimodalt ved Wikipedia sin artikkel om nettopp multer. For å lage dette bilete bruke eg programmet Skitch, og lærte meg dermed eit nytt digitalt hjelpemiddel i same slengen, hurra!

Medan eg laga denne tenke eg også over poenget til Løvland (2007, s.21) om at

”Det er lettare å sjå at ein tekst er multimodal enn å peike på kva modalitetar teksten er sett saman av”.

Kanskje ein ivrig lesar kan peike på fleire?

Eg ser føre meg at eg (forhåpentlegvis) ved neste skuleår kan prøve ut mellom anna blogging med eigen elevar. Andre aktuelle digitale tekstar kan også vere DST, digital film, montasjar eller glogg.  Her tenker eg at desse kompetansemål mellom anna vil vere sentrale (LK06 Engelsk Vg1):

• velge og bruke egnede skrive- og talestrategier tilpasset formål, situasjon og sjanger

• velge og bruke innhold fra ulike kilder på en selvstendig, kritisk og ansvarlig mate

• bruke et bredt utvalg digitale og andre hjelpemidler, inkludert ettspråklige ordbøker, på en selvstendig måte

…og spesielt:

produsere sammensatte tekster i digitale medier

Utfordringa mi da blir korleis eg skal vurdere dette, når det er ei forholdsvis ny sjanger i skulesamanheng, iallfall for meg. Eg set meg derfor no eit mål om at neste blogginnlegg skal handle om nettopp kriteriar for vurdering av digitale samansette tekstar, og at eg i tillegg skal prøve dette ut på ein eller anna måte! It´s going to be ledgen….wait for it….

Advertisements

10 thoughts on “Multer og multimodalitet

  1. Aha. Skittjchhh. Kan du seie meir om kva for teneste dette er, om eg må laste ned noko el om det er innlogging/på nett? Kor kan vi finne ut meir om korleis vi bør vurdere multimodale tekstar? Ein kan jo bruke sunn fornuft, men det er så lite handfast.

    • Skitch er ei teneste som høyrer til samleverktøyet Evernote (begge til nedlasting). Eg har Mac versjonane, men meinar dei fungerar på PC også. Evernote har eg lenge tenkt at eg skal sette meg meir inn i sidan det skal vere nyttig for å samle ressursar, lenker, sider, søkeresultat osv., pluss at programmet kan synkroniserast med mobil, nettbrett osv. For å bruke skitch må du som sagt laste det ned ja, men absolutt verdt det. Eit snedig program som eg iallfall synes er artig å bruke 🙂

      Nokre tekstar du kan sjå på om vurdering av multimodale tekstar kan vere nokon av Hildegunn Otnes sine:

      Otnes, Hildegunn. 2009. Digital tekstskaping – hva er målet? Kompetansemål, delmål, vurderingskriterier, kjennetegn… I Haugaløkken, Hertzberg, Evensen og Otnes (red.): Tekstvurdering som didaktisk utfordring. Oslo: Universitetsforlaget.

      Otnes, Hildegunn. 2010. Vurdering av digitalt sammensatte tekster. I Hestnes, H. og Sandvik, L.V. (red.): Vurdering. Idéhefte for lærere, språkfag 3. Trondheim: Tapir.

      Kanskje mitt neste blogginnlegg om vurdering også kan vere til nytte? Kan gjerne i tillegg slå av ein prat ein dag om korleis vurdere elevars bloggar til dømes, vil tru du har ein del innspel der 🙂 Kanskje du også kan blogge om det? 😀

  2. Dette var både et interessant og engasjerende innlegg. Kjekt at du inviterer til videre «skattejakt» etter nodene: vi kunne sikkert skilt mellom de ulike skrifttypene (fet og kursiv), fanene «les, rediger, rediger kilde, vis historikk» kan kalles mapper, og søkemotoren er et verktøy? Ellers gleder jeg meg til å se hvordan du vil vurdere sammensatte tekster 🙂

  3. Og forresten; takk for opplysning om Skitch 🙂

  4. Tilbakeping: Lena's (soon to be) digital classroom | Vurdering av multimodale tekstar

  5. Tilbakeping: Lena's (soon to be) digital classroom | Tankar på tampen

  6. Tilbakeping: Commenting blog entries, part 2 | Digital undervisning

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s