Nynorskjenta som nynorskvikar

For ei stund sidan blogga eg om Lektor Hernesvold som hadde vore vikar for meg i engelsk. I dag var det min tur å vere vikar for ho, men denne gongen i norsk på Vg3. Instruksane eg hadde fått på førehand var Frode Grytten og novella «Guten med den blå gitaren», i tillegg til frie tøyer til å gjere det eg hadde lyst til utover det. Eg ville dermed prøve meg å på gjengjelde den digitale tenesta ved å bruke Twitter på ein eller anna måte, i eit håp om å friske opp nynorsken for elevane. Eg er jo trass alt stor nynorskentusiast og synes Ivar Aasen (bilete) var ein framifrå kar! I dette blogginnlegget kan du derfor lese om korleis det gjekk, samt lese elevanes heilt eigne (og imponerande) Grytten inspirerte Twitternoveller!

Timen byrja med å introdusere Frode Grytten som forfattar. Ingen av elevane ga uttrykk for å ha høyrt om han frå før, så dermed synes eg det var ekstra kjekt å kunne fortelje dei om denne spanande nynorskforfattaren frå Odda. For å fange interessa deira viste eg mellom anna denne videoen, som viser Gryttens engasjement i sport og hans poesi på tv2 i samband med seriestart for nokre år tilbake:

Deretter fortalde eg litt om romanen/novellesamlinga «Popsongar» (2001) der novella «Guten med den blå gitaren» høyrer til. Denne las eg så høgt til dei med så flott nynorskinnleving eg berre klarte, og eg går heilt klart ut i frå at dei synes dette var ei ganske fin lyttestund (også slapp dei jo å lese sjølve og da, som sikkert ikkje var eit minus). Eg oppfordra også elevane til å teikne delar av handlinga medan eg las dersom dei ville det for å ha nokre haldepunkt dei kunne diskutere vidare i etterkant. Deretter fekk elevane utdelt ein eigen kopi og sette i gang med analysearbeidet. Eg synes at eg i økta fekk god tid til å gå rundt å snakke med alle elevgruppene og høyre deira tankar, og det var spanande å høyre deira tolkingar kring det som i utgangspunktet var ei noko kompleks forteling.

Den mest digitale delen av økta kom me til etter pausen. Da gjekk me innpå Twitterkontoen til Frode Grytten og las nokre av hans Twitternoveller, i tillegg til at elevane fekk utdelt eit utval av mine favorittar på papir. Desse las dei høgt til kvarandre, diskuterte litt, og eg opplevde at me fekk fram fine refleksjonar og meiningar i fellesskap med fokus på spørsmåla: Er det nokon av dei som rører ved deg? Kven og kvifor? Er det nokon som er vanskelege å forstå? Får nokon av historiane til å ville lese meir? Kva er det som har denne effekten?

Tilslutt i økta kom me den biten eg var mest spent på: Elevane skulle sleppast laus til å skrive eigne Twitternoveller! Her er eit utval av resultata:

«Det var ikkje før han såg ho ligge livlaus på panseret at han la frå seg mobilen.»

«Avisen lå åpen på bordet, på annonsesiden, og pappa så ut vinduet med gråten i halsen. eg såg på annonsen. Babyklær selges, ikkje brukt.»

«Kvinne (16) møtte sitt livs store kjærlighet. Kvinne (39) møtte sitt livs store kjærlighet. Kvinne (84) døde alene.»

«Dei var begge einige om at dei ikkje trengde kondom. Lite visste han at dette skulle få konsekvensar 9 månader seinare»

«hei seier ho(16). hei seier han(17). Kva skjer? spør han. ingenting svarar ho. Vil du bli med på kino? spør han. Gjerne, svarar ho.»

«Mai blir gøy sa jenta(18). Mykje tull, fanteri og alkohol. JAA sa guten(18), men vi må vere forsiktige og ikkje gå på ein smell. Dei røde buksane kommer til å vere utslitte etter disse vekene.»

Eg tenkte at eg hadde gitt dei ei vanskeleg oppgåve, og det var det nok og, men på kun 10 min på slutten av timen kom altså desse gullkorna ovanfor. For nokre refleksjonar eg kunne ta med meg heim på slutten av dagen! Lektor Hernesvold, du har jammen nokre fine og reflekterte elevar. Her ser eg at fleire av dei verkeleg har skjønt trikset med godt, kort og konsist innhald som gir lesaren noko å tenkt på. I tillegg viste også desse novellene mykje av det som gjerne står i hovudet på 3.klassingar: russetida som er nær! Ikkje alle hadde fått med seg at ein skulle skrive på nynorsk da, sjølv om eg hadde sagt det to gonger. Eller kanskje var det ubevisst at resultatet kom på deira hovudmål fordi dei vart så inspirerte av forteljinga si og gløymde seg vekk? Uansett, desse twitternovellene imponerte meg stort! Kanskje eg kan vidareutvikle eit liknande opplegg som eg kan ta med meg inn i engelskklasserommet også?

 

9 thoughts on “Nynorskjenta som nynorskvikar

  1. Reblogged this on Lektor Hernesvolds fagblogg and commented:
    Det er ikkje farleg å reise til Oslo på møte om ein kan få ein slik vikar; her fekk elevane nytte sansane på ulike modalitetar, og dei fekk analysere og produsere. Dei har sett korleis novellesjangeren kan endre form og kor mykje ein kan få sagt med få ord. Eg noterer meg i parentes at ikkje alle har lært å bøye «å komme».

    • Kjekt du vart nøgt med opplegget! Eg koste meg med klassen din, så berre sei i fra neste gang du skal på tur 😉 Eg fekk jo ikkje testa «Of Mice and Men» kahooten, så da må eg nok innatt ein gang til for å sjekke hukommelsen deira på det 😛 Eg tenker at det også hadde vore veldig spennande å arbeide vidare med kreativ skriving og gi dei ei oppgåve om å skrive vidare på ein av Frode Grytten sine twitternoveller, eller vidare på sei eiga 🙂

  2. Det er så gøy å lese! 🙂 Eg blir verkeleg inspirert. Det er ikkje like enkelt å sitje på ein lesesal og skulle kome på moglege undervisningssituasjonar, og ut i frå dei leita fram digitale vertøy ein ein ser for seg å bruka. Likevel likar eg tanken på at wordpress er vorte som eit stort oppslagsverk kor me delar idear, ressursar, tips, refleksjonar, og i ditt tilfelle, erfaringar! You go gurl, and when you are stressed just think that you are doing goooood! ❤

  3. Det er heilt sjukt at berre 140 teikn kan vere så kraftfulle! Takk for at du delte dette, og ikkje minst at du las dei høgt for meg for nokre dagar sidan!

  4. Flott å la elevane skrive twitternoveller. Dei blir tvungne til å skrive kompakt og litt mellom linene. Kan hende låner eg eit par av elevdøma til ei bok eg held på med. Trur du det er ok?

  5. Tilbakeping: Kan man kvitre i klasserommet? | Veien mot lektor er digital

Legg att svar til digitalelena Avbryt svar