Hypertekstar – forklart gjennom eit intervju med meg sjølv

På forrige studiesamling lærte eg om hypertekstar. Det viste seg at eg eigentleg visste litt om kva det var fra før, eg kjende berre ikkje til omgrepet «hypertekst» i særleg stor grad. Når eg no i etterkant skulle sette meg til å lese meir teori om saken og skrive om det på bloggen grubla eg litt på taktikken eg skulle velge. Eg lærte jo mykje på samlinga, men det var óg nokre ting eg framleis lurte på. Så korleis skulle eg finne fram att kunnskapen eg allereie hadde i tillegg til å tilegne meg ny? Idé! Kanskje eg kunne lage eit lite intervju med meg sjølv? Kanskje litt teit, men da kunne eg undervegs stilt spørsmål eg lurer på, også prøve å finne svar på desse. Kanskje det kan vere spørsmål som andre også lurer på? Vel, som tenkt – så gjort! Her er altså eit intervju med meg sjølv om hypertekstar!

1) Kva er ein hypertekst og kva skil den fra tradisjonelle tekstar?

Ein hypertekst er kort forklart ein måte å ordne tekstelementa i ein skjermtekst på. Hypertekstar som er godt strukturerte gjer at ein enkelt kan orientere seg i ei gitt informasjonsmeng, samstundes som den gir rask informasjon og moglegheiter for utdjuping av denne. Døme på korleis ein hypertekst koplar informasjon saman kan du sjå illustrert på bilete ovanfor. Dersom ein samanliknar dette med tradisjonelle tekstar, vil dei tradisjonelle derimot som oftast bli lese fra venstre mot høgre, og det er tydeleg kva som er byrjinga og slutten på teksten. I ein skjermtekst derimot vil ein finne ei samansetjing av ulike tekstelement, lenker, peikarar, noder, bildete og videoar.

2) Må ein hypertekst alltid vere digital?

I utgangspunktet ville eg her sei eit stort og klart JA! Men etter litt gransking vil eg derimot heller svare at nei, ikkje alltid. Det kjem heilt an på korleis ein ser på det. Når omgrepet vart lansert for første gang i 1965 av Ted Wilson var det i forbindelse med framveksten av digitale media og da i utgangspunktet avgrensa til litteratur i elektronisk form. I seinare tid har hypertekst derimot fått ei vidare tyding som i større grad vektlegg lesarens val og ignoreringar, og at dermed ein kodeksbasert hypertekst finn stad på det mentale plan i lesarens hovud. Ved ein slik definisjon kan ein, som  Linda Nesby ved UiT skriv om, gå heilt tilbake til Det Gamle Testamentet. Til og med her kan ein argumentere for å finne hypertekstprinsippet ved at ein kan hoppe fra profet til profet styrt av dei ulike hendingane det vert skrive om. Sliksett vil også aviser og vekeblader felle inn under denne definisjonen sidan lesaren aktivt kan velge kva saker han/ho vil lese. Likevel er min tanke at det nok vil vere den digitale verda me i hovudsak tenkjer på når me brukar omgrepet hypertekst.

3) Kva er fordelane med hypertekstar?

Her vil eg seie at slike tekstar først og fremst er spanande å lese. Ein kan raskt og enkelt navigere seg vidare til det ein synes er mest interessant og eit multimodalt uttrykk kan vere spanande for både syn og hørselssansane. I tillegg vil tekstane kanskje også vere enklare å forstå gjennom bilete og video som støttar opp under innhaldet. I skulesamanheng er hypertekstar også essensielle å nytte i klasserommet, nettopp fordi det er slike tekstar elevane i stor grad møter
på eigahand, og forståing av desse er ein del av dei nye leseferdigheitene som krevst i dagens informasjonssamfunn (sjå tidlegare inlegg/reblogg om 21st century skills).

4) Kva kan vere utfordringa med hypertekstar?

Umiddelbart tenker eg at for meg som lesar kan det vere lett å forville seg ut i eit hav av lenker og nye tekstar. Alle viser til noko nytt, både til vidare lesing og til andre sentrale aspekt ved temaet. Kanskje kan mange peikarar til dømes verke forstyrrande dersom dei er overflødige eller leier lesaren ut på villspor. Fra eit elevperspektiv ser eg også føre meg at det vert meir og meir utfordrande å tenke kjeldekritisk etter kvart klikk sidan ein gjerne raskt bevegar seg vidare vekk fra primærkjelda.

Jon Hoem ved UiB stiller mellom anna spørsmålsteikn ved hypertekstar som demokratiske. Demokratisering vil her vere positivt dersom ein vektlegg lesarens valmoglegheiter,  noko som er ein sentral del av hypertekstar. Det han også poengterer er at dei vala lesaren ikkje får er vel så viktige. Den som designar ein hypertekst kan ved gitte tilfeller gi brukaren intrykk av at han/ho tek ei rekke sjølvstendige val, medan det eigentleg kan dreie seg om ein styrt sekvens. For min del var dette ei ny side av hypertekstar som eg ikkje har tenkt på før, og absolutt eit sentralt trekk å formidle til elevane ved undervisning om nettvett, kjeldekritikk osv.

5) Korleis er dette relevant?

Det første som slår meg er ei bevisstheit over korleis mine blogginnlegg er nettopp hypertekstar. Her kan eg skrive om noko, linke vidare til meir informasjon om diverse emner, legge inn artige bilete og videoklipp slik at det det heile vert eit multimodalt uttrykk. Denne kunnskapen er absolutt relevant å vidareformidle til elevane mine når dei (forhåpentlegvis) ein gang i framtida skal prøve ut eigne fagbloggar. Det er også i stor grad relevant å vere bevisst på hypertekstens moglegheiter i undervisninga, til dømes som ressurs, og eigen kunnskap om tekstens utfordringar (viser til avsnittet over). Kunnskap om hypertekst vil også vere sentral for å vere førebudd på den rolla ein har som lærar å leie elevane gjennomein prossess for å etterkvart bli sjølvstendige kritiske lesarar.

Alle desse punkta kunne eg heilt sikkert ha vore utdjupa ytterelgare. Men sidan dette blogginnlegget ikkje kan bli lang som ei masteroppgåve er det da fint at lesaren kan klikke seg vidare på ulike tema dersom det er noko han/ho vil lese meir om! Slik sett synes eg blogginlegget i seg sjølv vart eit rett så fint døme på ein hypertekst. Eg kan også legge til at hypertekst i tillegg kan vere eit band med base i Bergen som vart kjende gjennom Urørt.. Men dei skriv «Hypertext» da, på engelsk. Dei har laga ein snedden musikkvideo til sangen sin «Ivy League» som du kan sjå under. Kanskje dette siste avsnittet kan oppsummere det heile?  Her kan du jo klikke deg vidare via (i overkant mange) peikarane inn på det du vil vite meir om, sjå eit bilde av Streken (han vart berre med fordi eg fekk lyst å ha han på bloggen min) og sjå ein video med ein gong, akkurat når det passar deg. Og det kunne du vel ikkje gjort i verken Det Nye Testamentet, VG eller Se og Hør?

Advertisements

7 thoughts on “Hypertekstar – forklart gjennom eit intervju med meg sjølv

  1. Gode spørsmål, godt reflektert, gode kildereferanser, fine pekere, bilder og video, morsom slutt! 😀
    En personlig preferanse er at pekerne åpner seg i nye faner eller vinduer. Du var inne på det unike ved leseopplevelsen av hypertekster, og for meg letter det leseprosessen hvis pekerne kommer opp som nye faner. Vet ikke hva, eller om, du har tenkt på det?

    • Takk for hyggelig tilbakemelding! 🙂 Eg er einig med deg. Eg likar også best at lenkene opnar seg i nye vindauge, hovudsakleg fordi eg gjerne klikkar meg inn på peikarane av impulsiv nysgjerrigheit midt i det eg opprinneleg skulle lese, og vil da helst enkelt finne att der eg starta utan å miste det nye vindauget eg har opna. Ser berre no at eg har opna heile 6 vindauger samstundes i nettlesaren min, og her er dei fleste opna som ei følge av den forrige 🙂

      • Mm, samme impulsivitet lider jeg av 🙂 Jeg er (selvfølgelig) klar over at jeg kan høyreklikke og så velge å åpne i ny fane, men når man som forfatter legger inn linker kan man også velge at dette skal skje automatisk – i tilfelle impulsive jeg skulle glemme å høyreklikke 😉

  2. Eg likar godt korleis du har vinkla dette innlegget – ved å intervjue deg sjølv! Du får ei stjerne fordi du er så kreativ *. Du har jo sjølv produsert ein hypertekst i dette innlegget, og eg merkar at eg blir nysgjerrig når nokre av orda er utheva med ei anna farge og ikkje minst streka under og fører til ei ny nettside. Sjølv om eg ikkje nødvendigvis er så interessert i Bergen, klikka eg meg likevel inn på peikaren du la ut, samstundes som eg høyrde på YouTube-sangen. Ei fin oppleving med mange inntrykk, og du får fram poenga dine godt!

    • Ååå, YES!!! Kreativitetsstjerne, tusen takk! 😀 Kult å høyre at du vart interessert i å klikke deg vidare, og Bergen er jo ein fin by å lese meir om, gjerne akkompagnert med ein fin melodi 😉

    • Og forresten, NO slo det meg akkurat at det var nynorsk du har skrive på! Plettfritt må eg sei, og du hadde passa rett inn på det fagre vestlandet! 😀 ❤

  3. Lurt grep å lage intevju med seg selv! Du har fått med mange relevante aspekt og passelig mange referanser. De tekstintegrerte pekerne dine virker også godt innpasset. Fint at du har gjort litt ut av motsetningen frihet – styring.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s