Digital studieteknikk: samtale om Diigo med ein kollega.

Slo av ein prat med lektor Hernesvold i går om bruk av ulike digitale verktøy i undervisninga. Noko som slett ikkje er uvanleg forresten, gjerne i den alt for kjekke sofagruppa rett utanfor arbeidsplassen vår. Dagens tema var Diigo og utguling i digitale artiklar – som var heilt nytt for meg! Superbloggar som ho er så tok ho like gjerne og blogga mens me snakka (på nynorsk sjølvsagt – i solidaritet med meg), og her kan de lese litt om korleis praten gjekk føre seg:

(Kva seier de, medstudentar – skal me sette i gang med Diigo?!)

 

Lektor Hernesvolds fagblogg

diigoTo damer sit i ein grøn institusjonssofa. Pulverkaffikoppane står halvtomme framom oss. Heilt overraskande og utan forvarsel (førevarsling? eller berre varsling? – Her kjem både norsklæraren og sogningen til kort) dreier samtalen inn på digital studieteknikk. Eg har gjort meg nokre tankar i det siste om at dei digitale verktya endeleg har begynt å bli ein naturleg del av planlegginga og gjennomføringa av undervisning. Det er ikkje lenger slik at eg tenker «no skal eg lære elevane mine eit verkty, då blir dei sikkert takksame/glade/forvirra/sure». I staden har eg fått tankane tilbake på innhaldet, målet med det dei skal lære, og så får verktya og arbeidsmetodane kome i andre rekke.

Dagens time, nemleg: hovudfokus var oppstart av nytt tema. I og med at vi allereie har prøvd nokre ulike tenester, går det raskare om eg vil nytte noko av det i timen. Det høyrer med…

View original post 469 fleire ord

Advertisements

One thought on “Digital studieteknikk: samtale om Diigo med ein kollega.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s