Dagens tips: Korleis dele YouTube-klipp på bloggen

Etter litt prøving og feiling klarte eg ved sist innlegg å dele eit YouTube klipp. Håpar kanskje nokon har sett det? Kid President har alltid mykje fint på hjarta, så ta deg 3 min med han når du treng ein aldri så liten pep-talk!

Dersom du heller ikkje visste korleis ein får lagt ved YouTube klipp i eit blogginnlegg, kan eg meddele at det gjer ein slik:

På YouTube:

1)   Finn det klippet du vil ha

2)   Trykk på ”Del” knappen under videoen

3)   Velg ”innbygg”

4)   Kopier lenka

På bloggen:

5)   Klikk ”Legg til media”

6)   Insert URL

7)   Lim inn lenka

Godt mogleg det finst fleire måtar å gjere dette på også, men dette funka iallfall for meg.

YouTube-klipp på bloggen tenker eg kan vere spesielt nyttig dersom ein som lærar brukar bloggen sin i undervisninga og til dømes vil at elevane skal sjå eit spesielt klipp og kommentere under. Mange moglegheiter her. Nokon som har erfaring med å kople blogg og YouTube i undervisninga si?

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s