Scoop.it – bli ei samlerockestjerne!

Eg har lenge vore aktiv kurator (eller samlar/utstillar om du vil) på Pinterest. Dette er eit verktøy på nett der ein kan samle bilder og lenker til det ein interesserar seg i, og organisere dette i mapper. Heldigvis for meg så finst dette programmet også som app for iPhone, noko som gjer at eg med lav terskel kan bruke maaaange minuttar på å klikke meg rundt og samle alt eg synes er fint, interessant, morosamt, nyttig og unyttig. Ofte etter eg har lagt meg og eigentleg bør lade meg opp til neste dag. Ved eit raskt overblikk ser eg at dei mest fyldige mappene mine er humor, DIY (do-it-yourself), hår og negler, og interiør. Sjokkerande nok.

MEN, TIL POENGET!

Eit liknande og meir fagleg verktøy som eg vart tipsa om for ei tid tilbake er Scoop.it. Dette er i hovudsak det samme, men med meir fagleg innhald, lenker til bloggar, videoar, bileter og digitale ressursar! Her kan ein surfe seg gjennom i timasvis og finne ein drøss av nyttige artiklar! Kven har vel ikkje brukt mange timar på diverse søkemotorar på internett (les: Google?) for å så sitte att med ein drøss av lenker som ein ikkje heilt har oversikt over, eller veit kvaliteten av? Scoop.it gir deg moglegheita til å samle det som er relevant for deg og ta vare på det som faktisk er nyttig i internetthavet. Og sjølvsagt finne det andre har samla før deg. Til no har eg oppretta ei mappe om ”e-learning” og ei om ”Literature”. Følg gjerne linken dersom du vil sjekke dei ut! Det er også gode moglegheiter for å bruke ei slik side saman med elevar i klasserommet generelt. Kanskje kan det vere ein fin måte å vise elevane nye søkemåtar, nyttige lenker og alternative arbeidsmåtar?

Skjermbilete av min Scoop.it konto

Skjermbilete av min Scoop.it konto

Usikker på om dette er noko for deg? Usikker på om du får det til? Fortvil ikkje! Eg kom i dag over denne sida med 10 tips dersom DU vil bli ei Scoop Rockestjerne! (Note: denne SlideShare sida er også nyttig dersom du er på leit etter ferdige presentasjonar, infographics, dokumenter osv. om diverse tema)

Og kven vil vel ikkje bli ei rockestjerne??!

Advertisements

7 thoughts on “Scoop.it – bli ei samlerockestjerne!

  1. Supert tips. Takk! 🙂

  2. Så flott! Ja, eg vil jo gjerne bli ei slags rockestjerne. Eller kan eg bli jazz-stjerne om eg heller vil det? Snart får du òg høyre frå ho som alt har introdusert denne fine nettstaden for ei klasse! Eg kan trenge innspel til korleis eg skal organisere litt meir omfattande bruk når elevane startar med prosjekt etter vinterferien.

    • Klart du kan bli ei jazz-stjerne, Bodil! Men det må bli på deltid, for no må vel du snart vere fullbooka;) Sprekt, ho ser eg fram til å høyre frå! Spennande med eit slikt prosjekt, håpar på å lese meir om det på bloggen din! Skal absolutt komme med innspel viss eg får ein lur idé. Men eit spørsmål: må ein opprette premiumbrukar/betalingsversjon for å kunne ha meir enn to mapper? 😛

  3. Tilbakeping: Scoop it! | Nesten Lærer

  4. Tilbakeping: Skriv en interaktiv historie! | ADJUNKTiken

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s