Ei mappe er ei mappe. Eller?

Bilete er henta frå: http://goo.gl/rFGfZb

Bilete er henta frå: http://goo.gl/rFGfZb

Det er ein kjend sak at me i frå tid til anna må kalle ein spade for ein spade. Men me kan nok ikkje lenger kalle ei mappe for ei mappe. Den har blitt så mykje meir enn det. I dagens skule treng ikkje ei mappe lenger vere ein fysisk gjenstand med stive permar som samlar saman eit utal ark og gamle oppgåver. Ei digital mappe kan derimot vere eit reiskap i ein læringsprosess, ein sosial læringsarena, ei samhandlande arbeidsform eller eit middel for å dokumentere ein læringsprosess i sin heilskap.

Men først og fremst: Kva skil ei digital mappe frå andre mapper?

  • Dei er lagra og organisert digitalt
  • Dei er eit læringsreiskap og ein læringsarena bygd på dei same pedagogiske prinsipp som ei ikkje-digital mappe
  • Dei nyttar seg av mediespesifikke verkemidla i læringsprosessar og dokumentasjon
  • Dei er meir eller mindre open og tilgjengeleg for andre (eit sentralt aspekt som eg vil skrive meir om på bloggen seinare)

Desse punkta er henta frå Hildegunn Otnes (2006) sin artikkelen ”Arkivskuff eller læringsarena?”. Sentralt i denne teksten er at ho mellom anna skriv om at kva omgrep ein brukar vil vere avgjerande for korleis ein ser på mapper som ein pedagogisk ressurs. Ved å omtale mappa som dokumentasjon seier dette noko om ei rolle som ein slags ”bevisjournal” som skal kunne avspegle kva læringsprosessar eleven har gått gjennom.  Ei slik mappe kan i pedagogisk samanheng omfatte alle typar dokumentasjon, både av verbalt, auditivt, visuelt og tredimensjonalt materiale. Slik sett vil mappemetodikken  ha verdi til alle fag i skulen, både språkfag, realfag og estetiske fag. Ei mappe er noko som kan dokumentere ei breidde, ei samanheng og ei utvikling. I engelskfaget/andre språkfag der tekst står sentralt vil ein mappetekst dernest bli forstått som ei meiningsfull ytring, som dokumenterer anten delar av eller heile læringsprosessen. Omgrepet produkt derimot forstår me gjerne på lik linje med ei oppgåve,  men da må ein også vere klar over at dette kanskje utelet prosessen, som er viktig i mappemetodikken. Otnes skiv at ho ikkje ser på mappearbeid som noko statisk og avslutta produkt, men heller ei dynamisk eining som samhandlar med andre tekstar både i og utanfor eiga mappe. Dette synes eg er eit sentralt poeng. Mitt inntrykk er at elevar ofte arbeider med tekstar på ein produktretta måte, anten fordi dei skal levere inn ein ferdig tekst eller fordi den skal presenterast på ein eller anna måte. Å arbeide over tid med tekstar til ei mappe kan dermed by på større refleksjon over det prosessuelle aspektet, og by på vidare samarbeid med andre elevar gjennom tilbakemeldingar og eventuelt samskriving. Elevar kan ved å skrive saman skape, strukturere og formidle tekstar på nye måtar. Tekstar i ei digital mappe vert slik dynamiske og prosessuelle fordi dei stadig kan bli betre, verte utvida og oppdaterte (sjå også førre innlegg om samskrivingsprogram”Prøvekaniner og digitalt kvarter”). Digitale mapper har også spesielt potensiale for å kunne innehalde ei for stor variasjon av sjangrar og strukturar, samt tekstar frå ulike kontekstar.

Denne bloggen er jo også ei slik digital mappe. Her får eg som student skrive ulike teksttypar, kan arbeide med tema og tekst over tid, og kan forhåpentleg vis sjå ei utvikling av min digitale kompetanse gjennom semesteret. Det er i tillegg ein bonus at eg blir betre kjend med blogg som digitalt verktøy, og dette er noko eg også har lyst å prøve med eigne elevar etterkvart. Som Otnes konkluderar med i sin tekst: ”Dei digitale mappene er ikkje berre ein dokumentasjon på at læring har funne stad, men også på korleis den har gått føre seg.” Så da er det vel berre å følgje med på bloggen min om eg lærer noko utover våren da?

Som dei seier i TV2:

Bilete er henta frå: http://goo.gl/DeiHo4

Bilete er henta frå: http://goo.gl/DeiHo4

Advertisements

4 thoughts on “Ei mappe er ei mappe. Eller?

  1. Så synd at du ikkje har fått nokre kommentarar på dette innlegget. Du skriv godt og kommmentert. Det er eit godt samandrag av artikkelen, og det er flott at du kjem med eigne refleksjonar om digitale mapper også – mellom anna at du nemner denne bloggen som eit døme på digital mappe. Det er flott at du skal lese og skrive meir om temaet – eg er spent på kva «som skjer».

    Det er ein spanand eog innhaldsrik blogg da har. Du har verkeleg vore flink til å skrive jamnt og trutt – og til å finne tema å skrive om.

  2. Takk for hyggelig tilbakemelding! Kjekt at du synes innlegget var bra og at du likar bloggen min. Eg har blitt rett så gira og synes det er ein ny og veldig spennande måte å jobbe på. Når eg no utover våren har blitt meir trygg på blogg som arbeidsmåte og digitalt verktøy, ser eg fram til å prøve det med eigne elevar også! 🙂

  3. Tilbakeping: Lena's (soon to be) digital classroom | Tankar på tampen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s