Prøvekaniner og digitale kvarter

Bilete er henta frå: http://goo.gl/ZMlwmB

Bilete er henta frå: http://goo.gl/ZMlwmB

I tillegg til å vere masterstudent er eg så heldig at eg får undervise 2 klassar i engelsk ved ein vidaregåande skule i Trondheim. Denne kombinasjonen vil seie at eg ikkje pleier å gå rundt å ha mykje dødtid, men jøss så lærerikt det er! Dette betyr også at eg har mine heilt eigne ”forsøkskaniner” som eg kan prøve ut det eg har lært på eige studie på. Denne moglegheita ser eg føre meg at kanskje blir ekstra kjekt dette semesteret, då eg klør i fingrane etter å prøve meg enda meir fram i det digitale klasserommet.

Ein heilt konkret ting som er så kjekt med arbeidsplassen min er at to av mine kollegaer i ny og ne dreg i gang digitalt kvarter i lunsjen. Denne veka var det samskriving som stod på tapeten, og da vart det mellom anna presentert Google Docs og samskrivingsfunksjonen til NDLA.

Det som er så kjekt med slike program er at elevane kan skrive i same dokumentet, samstundes som læraren kan ta del anten som observatør eller ved å komme med innspel og kommentarar. Dette kan også kallast ein kollektiv hypertekst (ref. Otnes (2003) sin artikkel ”Skjermbaserte fellestekster. Digitale mapper og hypertekstskriving”). Slikt tekstarbeid gir allsidige moglegheiter for samhandling, samskriving og gruppearbeid. Otnes skriv at hypertekstuell skriving er mellom anna eit viktig reiskap i sosiokulturelle læringsprosessar og kollektiv tekstutvikling. På denne måten vil elevane kunne arbeide med tekst i ein konstant dialog og ved å bygge på kvarandre sine kunnskapar.

Eg har foreløpig ikkje prøvd dette ut med eige elevar, men det har min gode venn, idol og kollega Bodil gjort i sitt norskklasserom. Korleis hennar samskrivingsopplegg gjekk kan du lese om på bloggen hennar her. Kan igrunn anbefale alle å ta ein tur inn på bloggen til Bodil (som er ein av to som står for det digitale kvarteret) for å få eit innblikk i hennar aktive klasserom og for å lese om ei dyktige IKT dame sine refleksjonar kring digital kompetanse i språkfag.

 

Advertisements

4 thoughts on “Prøvekaniner og digitale kvarter

  1. Spennende ideer, selv om jeg ikke fikk med meg absolutt alt pga nynorsken (jeg er ikke så dreven i det. Det holdt med å lære seg ET norsk-språk når jeg flyttet hit ;)) , men utrolig bra at du får så mye inspirasjon og praksis på det digitale feltet på jobb da! Jeg gleder meg til å høre hvordan du brukte dette i ditt klasserom, når den tiden kommer 😉

    • Det sjønnar eg godt, Hanna 🙂 Eg skal heller fortelle deg om det på neste samling om du vil vil vite meir, eventuelt med eit kort oversetting/nynorsk kurs on the side 😉

  2. Jeg forsøker å oppfordre flest mulig til å prøve ut samskriving i kontekster der alle kan bidra til å øke hverandres læringsutbytte. Vi gjør dette på hver NKUL konferanse da ikke alle rekker å dra på alle forelesningene, og vi ender opp med et veldig spennende resultat. Hva om studentene ved NTNU kunne samskrevet på hver forelesning og så delt det med medstudentene etterpå? Hva hindrer dem?

    • Interessant problemstilling. Eg har faktisk vore innom tanken å samskrive på førelesning den siste tida og har snakka med Heidi Beate om at det kunne ha vore kjekt å prøve ut. Eg og ho prøvde det så vidt i eit minigruppearbeid i litteratur på førre samling når me skulle svare på enkle spørsmål. Da noterte me begge, og kopierte alt ned i kvart vårt word-dokument etterpå. Fram til i vår har eg ikkje vore så kjend med samskrivingsmoglegheiter, men etter at eg lærte om samskrivingsfunksjonen til NDLA på jobben og prøvde ut Google Docs i kollokvie i eksamensførebuingane i haust, er eg blitt positiv til å prøve det enda meir ut. Kanskje er ei av årsakane til kvifor studentar ikkje nyttar seg av det rett og slett det at dei ikkje kjenner skikkelig til kva moglegheiter som finst? Og dersom ein berre veit litt er terskelen likevel for høg fordi det er tryggare å halde seg til det ein kan og det som er trygt? Eventuelt tenker kanskje nokon at dei lærer betre av å skrive sjølve, eller at dei ikkje ønsker å «gi sitt arbeid gratisk til dei som ikkje gidd å ta notatar sjølv»? Mine tankar er no at eg gjerne kan tenke meg å ta det i bruk på neste samling, sidan me er fleire som som regel sit og noterar likevel, og at tida kunne ha vore betre utnytta ved å samskrive. Eg ser føre meg at det må litt utprøving til før me får dreisen på det (skal alle skrive samstundes, skal me notere kvar vår økt eller kvart vårt tema, osv.), men at det raskt vil gå seg til og at me sikkert kjem til å synes det er nyttig. Kanskje nokon kan tenke seg å bli med??

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s