Ready – set – GO!

Steg 1: check! Bloggen er oppretta og eg er klar! Den er nok ikkje oppretta heilt på eige initiativ, men eg kjenner meg no rett så motivert og ivrig med å komme i gang! Eg vil derfor bruke mitt første blogginnlegg på å fortelle litt om meg sjølv. Først og fremst er eg ei ung frøken som kjem frå det fagre vestlandet, og er dermed oppvaksen midt i det flottaste ein finn av norsk natur. Derav forresten også nynorsken, som eg for øvrig håpar kan vere eit friskt bidrag i bloggverda.

Bilete er henta frå: http://goo.gl/a0x99V

Bilete er henta frå: http://goo.gl/a0x99V

Det som kanskje er mest sentralt å trekke fram i denne samanhengen er at eg for ein del år tilbake vende nasen mot Trøndelag, og no for tida er student ved masterprogrammet for engelsk og framandspråksdidaktikk ved NTNU. Eg har ulike fag med meg i sekken som lærar (som igrunn er ein veldig snedden sekk å ha), men det er i engelsk eg har mi hovudtyngd. For det er også her hjartet mitt ligg. Som ein del av studiet inngår faget digital kompetanse, og det er her bloggen kjem inn. Eit viktig mål for meg med dette kurset er at eg skal arbeide med å auke min kompetanse om ulike måtar å bruke digitale verktøy på i engelskundervisninga. Eg ynskjer også å lære meir om korleis eg kan bruke digitale medier i elevars læringsprosessar, kommunikasjon og tekstproduksjon. Store tema, men særs viktige og spanande! Digitale medier er jo allereie ein sentral del av elevars fritid, og det vert derfor desto viktigare at me som lærarar har eit forhold til dette. Både til moglegheiter og utfordringar.

Det første innlegget vart altså på nynorsk, for fokuset mitt i bloggen er ikkje engelsken i seg sjølv, men refleksjonar kring det digitale og det didaktiske i faget. Men don´t you worry! Plutseleg kjem det eit innlegg på engelsk også. Alt etter dagen. Alt etter tema. Alt etter formen og humøret. Men bokmål skjer ikkje. Då må du lese ein anna blogg.

Håpar bloggen kan vere av interesse, til inspirasjon, til refleksjon og til glede for fleire. Eg for min del finn mellom anna inspirasjon til bloggen i dette sitatet fra ein anna lærarblogg med den sneddne tittelen: Teachers can smile too! (http://goo.gl/1lIsbX)

Education needs a louder voice. It needs more teacher bloggers! Get ready to feel more important. Or, rather…get ready to realize how important you already are!” 

Advertisements

2 thoughts on “Ready – set – GO!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s